Heim

Privat

Breiband

TV

Prisar

Bestilling

Bedrift

Kundeservice

Om Okapi

Breiband Privat



Trådlaust breiband


Okapi AS starta utbygginga av trådlaust breiband i 2001. No dekker me bort i mot heile Granvin herad, heile Eidfjord kommune, samt Osa i Ulvik herad.
I løpet av året vil me setta opp nye sendarar på dei aller fleste stasjonane våre. Dette gjer at me kan tilby over 20 Mbit til dei fleste av våre radiokundar.
Mykje har skjedd med teknologien sidan me begynte. Me har benytta heile sju generasjonar av forskjellige radioar opp gjennom åra. Me byggjer ut i takt med utviklinga, og kan tilby stadig høgare kapasitetar. Me har begynt testinga av neste generasjon radioar. I løpet av neste år vil me mest sannsynleg kunna levera 40-50 Mbit via våre basestajonar.


For å motta trådlaust breiband frå oss må du ha fri sikt til ein av våre basestasjonar. Ta kontakt for å høyre om me har dekning i ditt område (dekningskart vil koma på våre nye sider)


Breiband via fiber


Okapi AS har til no lagt ned mange kilometer med fiberkabel og trekkerøyr i Eidfjord, Granvin og Ulvik. I tillegg leiger me noko fiber frå andre aktørar.

I 2015 investerte me i utstyr for å skjære spor i asfalt. Dette gjer at me kan legga ned fiberkabel mykje raskare enn om me måtte grava grøfter. Sporet er ca. 2cm breidt og 20-30cm djupt. I dette sporet legg me fiberkabelen i røyr og fugar igjen med ein spesiel fugemasse. Dette gjev eit fint resultat og lite skade på asfalten. I tillegg unngår me å henga opp skjemmande kablar i lufta. Me har også utstyr for å grava vanlige grøfter.

Ta kontakt for meir informasjon om kva område som blir bygd ut no.


webmail

E-post adresse

Passord


Driftsmeldingar

Det er for tida ingen nye driftsmeldingar

Les meir »

 

Copyright ©2017 Okapi AS. All rights reserved.