Heim

Privat

Bedrift

Kundeservice

Om Okapi

Fiberutbygging i Ulvik

No kjem endeleg fiberen med høghastigheits internett og TV-kanalar! Det er ei glede å kunne informere alle som har venta på fiber i Ulvik at no kjem fiberen!

IT Drift AS i Ulvik og Okapi AS i Eidfjord har vorte einige om å slå saman både nett og kompetanse, og tilbyr no internett over høghastigheits fiber. Okapi vert din breibandsleverandør, og IT Drift vil fortsetje med å levere innhald på nett, som domene, nettsider, e-post med meir.

Vi i IT Drift startar i nye stillingar i Okapi der staben no tel 7 personar. Vi sameiner kreftene her i Hardanger for å stå imot konkurranse frå «utabygdes» tilbydarar. Vi tilbyr absolutt breiast breiband over fiber til minst pris. Og det skal vi fortsetje med.

Stadane i Ulvik der vi får flest bestillingar på fiber vert prioritert først med omsyn til utrullingsplan. Det trådlause nettet vil fortsetje å levere breiband til dei som ikkje vel fiber, eller bur slik til at det tek ei tid før fiberen kjem. Prisen på vanleg breiband vert den same som før, og vi planlegg å auke farten til kvar abonnent no i sommar.

De vil sjå at Okapi er i bygda, verte inviterte på møter og anna. Hugs at vi i IT Drift også er med på laget.
De får informasjon og bestillingsskjema i posten eller på informasjonsmøtet som Okapi held.

Har du nyleg bestilt nett frå ein annan leverandør, men tenkjer på å ombestemme deg og velje lokal leverandør i staden? Fortvil ikkje! Det er vanlegvis 14 dagars angrefrist. Pass på å få kvittering og tilbakemelding om du angrar deg. Kjem du på møtet så kan vi i Okapi hjelpe deg.
 
Informasjonsmøte i Ulvik

Tid: Sundag 21. mai klokka 18 og måndag 22. mai klokka 18
Stad: Elvatun (ungdomshuset i Ulvik)

Vel møtt til informasjon med kaffi og litt å bite i!

https://www.facebook.com/okapias/

webmail

E-post adresse

Passord


Driftsmeldingar

Det er for tida ingen nye driftsmeldingar

Les meir »

 

Copyright ©2017 Okapi AS. All rights reserved.